Side-alternativer

Første hydrogenbil på svenske vegar

Per dags dato er det 14 hydrogenbilar på norske vegar, men no kjem Sverige etter. Det er eit samarbeid mellom Malmø kommune og energiselskapet Eon, som har ført til at Sverige sin aller første hydrogenbil no er ein realitet.

Første hydrogenbil på svenske vegar

Det er ein slik ombygd Toyota Prius som no er å finne på vegane i og rundt Malmö i Sverige.

- Malmö satsa tidleg på natur - og biogass. No tek me steget vidare og satsar på hydrogen som gjev enda lågare utslepp, seier Anders Rubin i kommunalrådet i Malmö i ei pressemelding.


Bilen er av same type som dei HyNor disponerar i Noreg og som ZERO har vore ansvarleg for å skaffe til Noreg,  nemleg ein Toyota Prius som er ombygd hos selskapet Quantum Technologies. Det amerikanske selskapet har spesialisert seg på å byggje om vanlege bilar med konvensjonell forbrenningsmotorar, til utsleppsfrie der det bare kjem vassdamp ut av eksosrøyret. Prisen på 1 million kroner er stiv, og i Noreg er det bare ein i privat eige.


Gøril Andreassen jobbar med transport i ZERO og gleder seg over at svenskane er på bana.

- Dette er veldig positivt! At svenskane satsar på hydrogen er viktig for å gjere hydrogen meir utbreidt.

Det norske hydrogenprosjektet (HyNor) samarbeidar med Sverige, Danmark og Tyskland om å byggje ein hydrogenveg i Skandinavia. Andreassen meiner det som no har skjedd er ein viktig brikke i puslespelet.

- Om nokre år vil det vonleg vere mogeleg å køyre hydrogenbil frå Stavanger til Hamburg, seier Andreassen entusiastisk.

Noreg er verdsleiande innanfor hydrogen og HyNor-prosjektet har hausta mange lovord utanlands.

- Det er litt morosamt at Noreg ligg foran Sverige på hydrogen. Vanlegvis ligg våre naboar milevis foran oss når det kjem til miljø, avsluttar Andreassen




Plone powered

Personlige verktøy