Side-alternativer

Honda startar serieproduksjon

Honda tek det viktige steget og startar serieproduksjon av hydrogenbilar. Modellen FCX går på rein hydrogen og elektrisitet.

Honda har i fleire år vore leiande innanfor utviklinga av hydrogenbilar, og stadfestar no dette ved å starte serieproduksjon.

- Dette er eit viktig framskritt innan utviklinga av brenselcelleteknologie - og eit stort steg sidan dette er vanlege bilar, seier Jhon Mendel ved Honda sitt USA-kontor


Miljøstiftiga ZERO har lenge vore ein av hovudpådrivarane for hydrogen i Noreg, og gleier seg difor stort over nyheten.

- Me har prøvekøyrt FCX Clarity. og den gav eit veldig solid inntrykk. Dei fleste er einig i at Hona er lengst framme på dette området, sier dagleg leiar Einar Håndlykken


Foreløpig skal Honda bare produsere 200 bilar på tre år, men Håndlykken forklarar at dette har å gjere med lite utbygd pumpenett og at modellen må testast ut.




Plone powered

Personlige verktøy